← Alle samlingane

Samling 8 av 9

Ettersøk

Kva du gjer frå skotet går til dyret er funne — og kva lova krev av deg undervegs.

Dette skal du kunne

Ettersøk

Frå skotet til skotplassen

Merk deg nøyaktig kvar dyret stod og kvar det forsvann, og bli ståande i ro nokre minutt. Gå så til skotplassen og les han: hår, blod, beinfliser, mageinnhald. Farge og mengd blod fortel mykje om treffet.

Marker skotplassen, og ikkje trakk ned sporet. Sei frå til jaktleiaren med ein gong, òg når du er usikker på om du trefte.

Plikta di

Den som skadeskyt storvilt, pliktar å gjere alt som er rimeleg for å avlive dyret snarast mogleg. Ettersøket held fram, om nødvendig ut dagen etter, innanfor eige vald.

Kjem dyret inn på eit anna vald, har du rett til å følgje det ut den dagen det kom inn — og grunneigaren der skal varslast. Blir dyret ikkje funne, skal kommunen ha melding.

Blir gaupe, jerv, bjørn eller ulv skadeskote, skal statsforvaltaren og politiet varslast utan opphald.

Ettersøkshund

Under storviltjakt skal jaktlaget ha tilgang til godkjend ettersøkshund. Er ikkje hunden med på jakta, må det finnast ei skriftleg avtale som sikrar at ekvipasjen kan vere på plass innan rimeleg tid etter påskyting.

Ein god ettersøksekvipasje er verdlaus om han blir varsla for seint. Ring tidleg heller enn seint.

Øv på denne samlingen

Veida er ikkje kursarrangør og held ikkje eksamen. Det obligatoriske kurset må du ta hos ein godkjend arrangør, og eksamen tek du i appen «Jegerprøveeksamen» hos kommunen. Sidene her er repetisjon og øving ved sida av kurset. Spørsmåla våre er skrivne av oss ut frå det offentlege regelverket — dei er ikkje eksamensspørsmål.