Etter skotet: ta vare på dyret

Jegerhandboka · English

Vomming, kjøling, partering og bering — steg for steg, så kjøtet blir godt.

Merk: Generelle råd for hjortevilt. Krav om prøver, merking og innlevering varierer — sjekk kva som gjeld der du jaktar.

Før du byrjar

Avbløding — som regel ikkje naudsynt

Eit godt treff i hjarte- og lungeregionen bløder dyret ut av seg sjølv; blodet samlar seg i brysthola og kjem ut ved vomminga.

Ved treff som ikkje gjev god avbløding, til dømes i nakke eller rygg, stikk du djupt i halsgropa framfor bringa mot hjartet, og legg dyret med hovudet lågast. Gjer det straks.

Vomming — få vomma ut fyrst, og fort

Vomma er ein gjæringstank. Når dyret døyr, held gjæringa fram i kroppsvarmen, vomma poser seg ut, og varmen og bakteriane trengjer inn i kjøtet. Difor hastar det å få vomma ut.

Legg dyret på ryggen og skjer eit grunt snitt frå bringa mot bekkenet. Skjer MOT FINGRANE: to fingrar inne i snittet pressar vom og tarmar vekk frå eggen, så du ikkje stikk hol. Ein bukopnar gjer det mykje lettare.

Løys endetarmen og knyt han av, så det ikkje kjem avføring på kjøtet. Løys mellomgolvet, kutt spiserøyr og luftrøyr høgt oppe, og dra alt ut i eitt. Tøm brysthola for blod.

Har kula gått gjennom vom eller tarm, skjer bort kjøt med innhald på og tørk resten med papir. Ver varsam med vatn — det spreier bakteriane.

Skjer bort kjøtet kring skotkanalen. Mattilsynet rår til ein sirkel på om lag 10 cm rundt inn- og utgangshol ved blykuler.

Kjøling — det avgjerande steget

Partering og bering

Eit vakse hjortedyr er for tungt å bere heilt. Del det i handterlege stykke — låra, bogane, ryggen og sidene — og gå heller fleire turar. Lange, tunge bæringar i ulendt terreng er ei av dei vanlegaste årsakene til skadar under jakta. Ta det tyngste fyrst medan du er utkvilt.

Heime

Heng kjøtet tørt, kjøleg og luftig, helst 2–6 °C. Tommelfingerregelen for mørning er 40 døgngrader (temperatur × dagar — til dømes 10 dagar ved 4 °C). Ikkje kjøl for raskt det fyrste døgnet, det stoppar mørninga. Sjekk jamleg for sur lukt og mugg.

I Veida

«Felt dyr» i Veida registrerer fellinga med art, kategori, kjønn og slaktevekt, knyter henne til jakta og kvoten, og kjem med i sesongrapporten og CSV-fila til Hjorteviltregisteret.

Opne Veida

Neste: Jakt utan dekning