Legg ut jakt — gratis for grunneigarar

Har du jaktterreng du vil leige ut, kan du leggje det ut her utan kostnad. Du teiknar terrenget med dei same verktøya jaktlaga brukar i Veida, vel vilt og periodar, og bestemmer sjølv kven som får leige.

Kom i gang — gratis

Du loggar inn i Veida med Google, Facebook, Apple eller e-post, og blir ført rett til grunneigarsida.

Slik gjer du det

  1. Lag ein grunneigarkontoLogg inn og vel «Eg er grunneigar». Du treng ikkje eit jaktlag, og kontoen er gratis.
  2. Teikn terrengetVel eigedomen din i matrikkelkartet, så blir grensa henta frå Kartverket — eller teikn henne sjølv. Postar, stiar og område kan du setje ut om du vil.
  3. Lag annonsaTittel, skildring, vilt, jaktreglar, periodar og kor mange jegerar. Vel om grensa skal visast offentleg.
  4. Svar på førespurnaderDu ser jaktlaget, kontaktpersonen og om jegerane har erklært jegeravgift og skyteprøve. Godkjenner du, blir det ein skriftleg avtale.
  5. Følg jaktaRapporten viser fellingar, sett-skjema og jaktdagar i terrenget ditt, per leigar og sesong — utan at du må spørje.

Kva kostar det?

Ingenting. Det er gratis å leggje ut jakt og gratis å leige ut. Veida tek ingen provisjon. Pris og betaling for leiga avtaler du direkte med jaktlaget.

Periodar, eitt år eller åremål

Du kan leige ut jakt i avgrensa periodar — elgjakta om hausten, rypejakta ut vinteren — og velje kva vilt kvar periode gjeld. Eller du kan leige ut heile jaktretten, med alt vilt som høyrer til eigedomen, for eitt jaktår eller på åremål over fleire år.

Lisensjakt på rovvilt blir opna av rovviltnemnda og kan ikkje leigast ut her.

Kva ser jegerane?

Tittel, skildring, vilt, periodar, areal og kommune. Grensa er med om du vel det — då ser jaktleiarar kvar jakta er, og kan ta ein kopi av omrisset for å planleggje i sitt eige lag.

Postar, stiar, merknader og alt anna du har lagt inn i terrenget, ser berre jaktlag du har godkjent. Vil du ikkje vise grensa, står terrenget som ein sirkel rundt der det ligg.

Same verktøya som jaktlaga

Terrenget du teiknar, er det same kartet leigarlaget jaktar i. Når leiga er godkjend, får laget terrenget ditt i appen — med grensa, postane og skytesektorane du har sett ut — for perioden de har avtalt.

Laget kan planleggje, setje eigne merke og registrere fellingar, men ikkje byggje om terrenget ditt. Når avtalen går ut, forsvinn tilgangen av seg sjølv.

Avtalen

Når du godkjenner ein førespurnad, lagrar Veida ein avtale med partane, perioden, talet på jegerar og jaktreglane slik dei stod i annonsa. Jaktlaget stadfestar, og begge kan skrive han ut.

Avtalen er mellom deg og jaktlaget. Veida formidlar kontakten og lagrar teksten, men er ikkje part.

Spørsmål og svar

Må eg vere med i eit jaktlag?

Nei. Ein grunneigarkonto er noko eige. Jaktar du sjølv òg, kan same kontoen vere med i eit jaktlag.

Kan eg leige ut berre ein del av året?

Ja. Ei annonse kan ha opptil ti periodar, til dømes elgjakta om hausten og småviltjakt ut vinteren.

Kan eg ta annonsa ned?

Ja, når som helst. Ein pausa annonse er borte frå portalen, men avtalar du alt har inngått står.

Kven kan be om å leige?

Jaktleiarar i eit jaktlag i Veida. Du ser laget, talet på medlemer og kontaktpersonen før du svarar, og de kan skrive saman i ein eigen tråd.

Kva med postane og sektorane mine?

Dei er dine. Dei blir berre viste til lag du har godkjent, og ein kopi av omrisset tek aldri med seg innhaldet i terrenget.

Kom i gang — gratis