Finn terreng og planlegg jakta i Veida

Veida er appen for jaktlaget: postar og skytesektorar, jaktdagar og drev, sanntidsposisjon, hund, skot og sett-rapportering. På Veida Jakt finn de terreng å leige — og terrenget kan takast rett inn i appen.

Finn terreng Opne Veida

Frå annonse til jaktdag

  1. Finn terrengFiltrer på fylke og vilt, og sjå terrenga i kartet.
  2. Sjå kvar jakta erHar grunneigaren vist grensa, ser du omrisset på kartet — med høgdekurver, myrar og vegar frå Kartverket.
  3. Kopier og planleggTa omrisset inn i jaktlaget ditt i Veida. Set ut postar, teikn sektorar og drev, og sjå vinden per post — før de har bestemt dykk.
  4. Be om å leigeSend ein førespurnad med periode, tal på jegerar og ei melding. Grunneigaren svarar i appen.
  5. Jakt i terrengetNår leiga er godkjend, får laget grunneigaren sitt terreng i appen for perioden — og fellingane går rett i rapporten til grunneigaren.

Gratis for jaktlaget

Veida er gratis å bruke for jaktlaget, på Android, iPhone og i nettlesaren. Kartet kan lastast ned for bruk utan dekning.

Sesong, år eller åremål

Nokre terreng blir leigde ut for ein periode i sesongen, andre med heile jaktretten for eitt år eller på åremål. Filtrer på leigeform i lista over terreng.

Kopien er dykkar

Ein kopi av eit terreng er berre omrisset. Han blir eit nytt jaktterreng i laget ditt, som de kan endre fritt — og han gjev ingen rett til å jakte. Den retten kjem med avtalen.

Finn terreng