Viltet stoler på nasen. Ein post med feil vind er ein post utan dyr.
Vind frå drevet mot deg
Den beste vinden kjem frå der viltet kjem, mot posten. Blæs det frå posten inn i drevet, har dyra kjent lukta av deg lenge før du ser dei.
Vinden snur gjennom dagen
I bratt terreng går lufta ofte nedover lia om morgonen og kvelden, og oppover når sola varmar. Ein post som er god klokka sju, kan vere ubrukeleg klokka tolv.
Planlegg kvelden før, og ha reservepostar klare for det vindskiftet varselet seier kjem.
I Veida
Trykk på ein post og sjå vinden der i fire tidsrom gjennom døgnet. Vindpilene i kartet kan skyvast 48 timar fram, og trekkinga av postar kan ta omsyn til kva postar som har god vind mot drevet.
Neste: Tryggleik på post