Skogen har sjeldan full dekning. Ver budd heimanfrå.
Heimanfrå
Last ned kartet over terrenget medan du har god linje, lad telefonen, og ta med ekstra batteri. Kulde tappar batteriet raskare enn ein trur.
I terrenget
Avtal oppmøtestad og tid på førehand, så ingen blir sitjande og vente på ei melding som ikkje kjem fram.
I Veida
Kartet over terrenget kan lastast ned på førehand. Observasjonar, fellingar og skot som blir registrerte utan dekning, ligg i ein kø og blir sende av seg sjølv når telefonen finn nett att.
Neste: Utstyr, vêr og fjellvett