← Alle samlingane

Samling 1 av 9

Jakt, haldningar og etikk

Kvifor vi jaktar i Noreg, kva som skil jakt frå skyting, og kva som blir venta av deg i skogen.

Dette skal du kunne

Jakt er forvaltning

Jakt i Noreg er ein del av forvaltninga av viltbestandane. Kor mange dyr som kan fellast blir bestemt ut frå bestanden, beitegrunnlaget og skadar på skog og i trafikken — ikkje ut frå kor mange som vil jakte.

Alt vilt er i utgangspunktet freda. Du kan berre jakte på artar det er fastsett jakttid for, i den perioden jakttida gjeld, og berre der du har jaktrett.

Etikk: det du gjer når ingen ser deg

Jegeretikk er ikkje eit tillegg til reglane; det er det som avgjer om jakta blir akseptert av folk flest. Ein jeger som skyt på for lang avstand, jagar eit skadeskote dyr for dårleg eller skryt av eit dårleg skot, skader heile jakta sitt omdømme.

Hovudregelen er enkel: skyt berre når du er sikker på at skotet er trygt og drepande, og ta ansvar for dyret etterpå.

Øv på denne samlingen

Veida er ikkje kursarrangør og held ikkje eksamen. Det obligatoriske kurset må du ta hos ein godkjend arrangør, og eksamen tek du i appen «Jegerprøveeksamen» hos kommunen. Sidene her er repetisjon og øving ved sida av kurset. Spørsmåla våre er skrivne av oss ut frå det offentlege regelverket — dei er ikkje eksamensspørsmål.