Ny viltressurslov, drone til ettersøk, nye hundereglar og rapporteringsplikt for alle som betaler jegeravgift.
Merk: Kontrollert mot Lovdata 20.09.2026. Endringane under gjeld frå 1. juli 2026. Regelverket blir endra — kontroller alltid mot gjeldande forskrift og kommunen der du jaktar.
Ny lov frå 1. juli
- Viltressurslova (LOV-2025-06-20-102) erstatta viltlova frå 1981.
- Alle forskriftene på viltområdet blei endra samtidig (FOR-2026-06-26-1380) — dei fleste endringane er tilpassingar til den nye lova.
- Utøvingsforskrifta gjeld framleis, no heimla i den nye lova.
Drone er lov ved ettersøk
- Hovudregelen står: luftfartøy kan ikkje brukast til å forfølgje vilt, avleie merksemda til dyret, eller lokalisere vilt utanfor veg.
- Unntaket er ettersøk av storvilt SOM HAR JAKTTID. Ulv, bjørn og jerv har ikkje jakttid, så drone gjeld ikkje dei.
- Du skal varsle grunneigaren, politiet og kommunen. Gjeld det gaupe, skal statsforvaltaren varslast i tillegg.
- Jegeren har bevisbyrden for at påskytinga var lovleg.
Termisk og restlysforsterkande sikte
- Ved ettersøk av påskote hjortevilt, villsvin og rev: lov, med varsling til grunneigar, politi og kommune FØR ettersøket tek til.
- På ordinær jakt: villsvin og rev, i ope terreng eller ved åteplass.
- Hjortevilt: berre der kommunen har gjeve løyve for å hindre beiteskade, og berre i ope terreng.
Nye reglar for hund
- Drivande hund er berre tillate på elg, hjort, rådyr, gaupe, rev og hare, med eigne grenser for storleik på hunden og når på året han kan brukast.
- Høgst to lause hundar kan forfølgje same dyret samtidig.
- Hund som bit, skadar eller drep vilt under jakt er forbode. Unntaket er å hente skote småvilt.
Rapportering for alle som betaler jegeravgift
- Ny § 35a: du skal levere rapport innan 1. mai året etter jaktåret, til SSB.
- Plikta gjeld om du har jakta eller ikkje.
- Lèt du vere, kjem det tilleggsavgift året etter.
Papira i felt
- Dokumentasjon på betalt jegeravgift OG våpenkort skal kunne visast under jakt.
- Digitalt våpenkort frå Nasjonalt våpenregister har erstatta det laminerte kortet. Gamle papirkort gjeld i ein overgangsperiode.
- Feller skal vere synleg merkte med jegernummeret til brukaren, og skal ikkje settast der det er mykje ferdsel.
Jakttider
- Elg har jakttid frå 1. september i HEILE Finnmark. Før gjaldt det berre Kautokeino og Karasjok.
- Jakttidene for fleire vassfuglartar er endra — sjå jakttidstabellen.
Ikkje nytt i 2026, men ofte hugsa feil
- Blyhagl har vore forbode i og innan 100 meter frå våtmark sidan 15. februar 2023. Forbodet gjeld både å skyte med og å BERE blyhagl der.
- Våtmark er vidt definert: myr, torv eller vatn — naturleg eller kunstig, permanent eller mellombels. I norsk terreng blir det lite att.
- Energikravet til storviltammunisjon blei forenkla i 2021. Klassen på 2 700 joule for kuler mellom 9 og 10 gram finst ikkje lenger: kravet er 2 200 joule, kulevekt 9 gram (7,8 gram for blyfri kule) og kaliber minst 6,5.
Les meir
- Viltressurslova på Lovdata
- Endringane i forskriftene (FOR-2026-06-26-1380)
- Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst
- Landbruksdirektoratet: jakt og fangst
I Veida
Veida held jakttidene oppdaterte i appen, og seier frå når du set opp ei jaktøkt på ein dato arten ikkje har jakttid — eller på ein av dagane lova stengjer heilt.